Fra og med kommende skoleår blir det forbudt å snuse eller røyke tobakk i skoletiden over hele landet, både på og utenfor skoleområdet.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Med dette har også skuleelevar fått rett til eit tobakksfritt miljø, ein rett som til no berre arbeidstakarar har hatt, skriv Helsedirektoratet.
I den nye § 3 i tobakkskadelova heiter det no at «Tobakksbruk er forbudt i grunnskoler og videregående skolers lokaler og uteområder. Elever ved grunnskoler og videregående skoler skal være tobakksfrie i skoletiden.»
Det er skuleeigar som er ansvarleg for at forbodet blir etterlevd, og i det daglege er det rektor som må følgje dette opp. Handheving av forbodet må inngå i internkontrollsystemet til skulen.
Gjeld ikkje dei tilsette
Tobakkskadelova forbyr bruk av tobakk i lokala og uteområdet til skulen. Dette forbodet omfattar også dei tilsette og andre som vitjar skulen. Lovkravet om å vere tobakksfri også utanfor skuleområdet, gjeld ikkje for dei tilsette, men arbeidsgjevar kan, med visse avgrensingar, pålegge dei å avstå frå tobakksbruk i arbeidstida.
Det er kommunane og Arbeidstilsynet som fører tilsyn med skulane på dette området.
