Os Folkebibliotek åpner offisielt utvidelsen av biblioteket med kake, utstilling, underholdning og bøker på vandring.
Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Torsdag 12. juni vert det jubel og marsipankake i Os folkebibliotek.
«Bibliotekarealet er utvida, og no er det meste på plass. Barnekrok med sukkertøystolar og plass til myldrande ungar, turkis lesesal med tekjøkken, klostersaum, eigen inngang og nøkkelkort for brukarane, marmorkunst mellom hyllene og detektiv Snok som snor seg på ein vegg», skriv Os Folkebiliotek i ein pressemelding.
«Det vert servert kaffi og jubelkake heile dagen, og kl.12.00 byr vi på gladmusikk, bokbegeistringskåseri og presentasjon av skulpturane i biblioteket».
Her kan du se billedserie fra det utvidede biblioteket i Os!
«Bok på vandring»
Torsdag vert det og avspark for prosjektet «Bok på vandring», der bunker med bøker skal spreiast frå biblioteka i Fusa, Os og Vaksdal og rundt i sommarlandet i Hordaland!
«12. juni startar nesten 100 bøker på ei reise ut i sommarlandet i Hordaland, og kanskje enno lengre. Folkebiblioteka i kommunane Fusa, Os og Vaksdal samarbeider om eit prosjekt som kallast «Bok på vandring».
«Bøkene vert lagt ut på ulike stadar i bygda, til dømes i butikkar, på kjøpesenter, venterom, kaféar, kantinar og treningssenter, med ei oppfordring om å ta boka med heim, lesa ho og gje ho vidare til ein ny lesar».
Biblioteka har merka vandrebøkene med «BOK PÅ VANDRING: TA MEG LES MEG».
Dette er bibliotekbøker, som ikkje skal leverast tilbake til biblioteket som normalt. Ønsket er at den gode leseopplevinga skal leverast vidare til ein ny lesar ved at boka vert plassert ein stad der nokon kan finna ho.
Tanken bak prosjektet, er at flest mogleg skal få gode leseopplevingar.
«Det er óg veldig kjekt dersom nokon skriv nokre ord om kor dei fann boka, kor dei la ho fra seg att, – og kanskje noko om korleis dei likte boka. Dette kan dei gjera på biblioteka sine facebook-profilar, i ein e-post eller på eit papir, skriv Os Folkebibliotek i pressemeldinga.
