Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11213

40 meter med grafikk i Hvelvet

$
0
0

herbert_heimeside_1Tyske Herbert Wiegand stiller ut grafisk arbeid over 40 meter av veggene i Hvelvet på Oseana.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Laurdag opna utstillinga «Sjø – Land» i Hvelvet på Oseana.

Tyske Herbert Wiegand si utstilling har fått namnet Sjø – Land, og består av over hundre grafiske arbeid, sett saman til ei ”reise” som strekker seg over 40 meter på veggane inne i Hvelvet.

«Installasjonen viser synsinntrykk frå ei reise langs norskekysten. Reisa startar sjøvegen, og vi føl blikket til ein båtreisande frå fastlandet, ut til ei øy og vidare rundt øya, før ferda går tilbake til fastlandet. Då ser vi reisa gjennom bilisten sitt perspektiv, gjennom tunnelar og over bruer», skriv Oseana om utstillinga.

  – Herbert sine motiv er henta frå Sunnmøre, men eg trur både den jamne vestlending og andre som har reist litt rundt i landet vil kjenne att mange av landskapa på bilda hans, seier kulturhusvert Janne Mari Hjelle i Oseana.

I tillegg til bileta er der også tekststykker, plukka ut og redigert av Heike Schmitz. Desse tekstane kommenterer og underbyggjer bileta dei står til.

Utstillinga blir ståande fram til 10. august.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11213