Thomas Andersen fra Os var først til topps i Salomon Xreid Hardangervidda. Nå venter Mont Blanc.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Fredag formiddag starta Thomas i Salomon Xreid Hardangervidda (123 km) og natt til lørdag kom han i mål på Gaustatoppen som første mann.
Thomas Andersen tok teten frå start i Eidfjord klokka 1204 fredag. Fjorten timar og fire minuttar seinare var han på Gaustatoppen, etter å ha kryssa Hardangervidda og deretter klatra til topps på det 1883 meter høge fjellet.
– Det var ei flott teknisk løype. Alt gjekk etter planen, seier 40-åringen til NRK. Han passerte Kalhovd på austvidda klokka 0715 i dag tidleg, også det etter planen.
– Dei siste 37 kilometerane av Salomon Xreid Hardangervidda gjekk på asfalt. Det blei den tøffaste delen av løpet. Det var og problem på slutten med tett tåke på Gaustatoppen, seier vinnaren
Med sigeren i natt er Thomas Andersen den fyrste som har vunne ekstremløp på Hardangervidda både til fots og på ski. I vinter vann han det 100 kilometer lange skiløpet Expedition Amundsen, der deltakarane går med pulk frå Haukeliseter over Hardangervidda til Maurset.Mont Blanc neste
No set 40-åringen seg nye mål. I august skal han delta i Ultra Trail Mont Blanc i dei franske alpane. I den 168 kilometer lange løypa skal deltakarane klatre 10000 høgdemeter, og deretter klatre ned den same løypa.
