
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
«Kjenner vi ein barnefamilie her inne som har lyst på en dagstur evt to dagerstur i skjærgården i og rundt Bjørnefjorden fredag/lørdag? Jeg stiller med båt, vannsportsaktiviteter, grillpølser og lukten av sjø og fisk.»
Denne meldinga publiserte Arne Veim Haugland på Facebook tysdag ettermiddag. Idèen fekk han etter å ha sett strålande vêrmelding for den kommande helga og etter å ha høyrt om ei historie frå Austlandet.
Kommande helg stiller han og kjærasten båten til disposisjon for ein barnefamilie som kan tenka seg ein tur ut på fjorden.
Kjærasten Vilde Dyngeland synest idèen til Arne var veldig god og ho vil også bli med på båtturen. Kva turen skal innehalda vil dei la gjestane dei får med seg bestemma.
– Det kan vera alt frå å fiska, ta ein tur til ein holme der ein kan grilla, til å berre ta ein tur ut på fjorden, seier Arne Veim Haugland til NRK.
– Kvifor er det primært ein barnefamilie du inviterer med på tur?
– Eg kjenner nokre barnefamiliar som ikkje har moglegheit til å reisa ut i båt men som gjerne ønskjer det. Barn blir veldig glad for å få prøva nye ting, seier Veim Haugland.
- Ta kontakt
Han meiner likevel at vaksne også har stor glede av båtturar og trekk fram seg sjølv som døme.
– Folk må ikkje vera redd for å ta kontakt, oppmodar den erfarne båtmannen til NRK.
