Også barna skal få underholdning under Osfest.
Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)
Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook
I samband med Osfest, som blir halde for første gang i Os helga 1-2. august, arrangerer det minifestival for born på Oseana laurdag 2. august.
Fyllingsdalen Teater kjem med sin konsertversjon av Kardemomme by til glede for store og små! Her får du møte både røvarane, tante Sofie, Kamomilla og alle dei andre figurane du kjenner frå Thorbjørn Egner sitt magiske univers. Og kven veit, kanskje er også løva med?
Konserten blir vist på terrassen utanfor Oseana dersom veret tillet det, og varer i om lag 40 minutt. Det er difor unummererte billettar og ståplassar (som seg hør og bør på ein festival). I tilfelle dårleg vêr blir konserten halde i Oseanasalen.
- Vi synes det er flott av Osfest å ønskje å få med borna når dei lagar festival, og set pris på å få bidra på denne delen av festivalen, seier sals- og marknadsansvarleg på Oseana, Astrid Heggland.
