Konsert, foredrag og steinbakt brød er blant innholdet når Lyngheimparken åpner.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Laurdag 23. august opnar det historiske tunet i Lyngheimparken nær Os sentrum – ein ny sosial og kulturell møteplass i bygda, med eit nærbilete av tradisjonsrike handverk i Os.
«I det store friområdet ved fjorden, i nærleiken av Oselvarverkstaden, blir det ein arena for friluftsliv og aktivitetar, kultur og historie, som eit nytt tilbod for unge og eldre», skriv Stiftelsen Lyngheim i ein pressemelding.
Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd gjev eit historisk utsyn over handverket som kulturarv, og det blir ein konsert over temaet «Roser, liljer og blues», m.a. med innslag av Os Spelmannslag, den tidlegare musikkleiaren for Ole Bull-akademiet, Nils Økland og den mangeårige Vamp-gitaristen Torbjørn Økland, stevjaren Eirin Røykenes, bassisten Ole Amund Gjersvik og Steinar Lyssand med sitt bluesband. Konserten blir avslutta ved Marianne Juvik Sæbø og Aasmund Brekke med Olav Nygards stemningsfulle lyrikk.
Les også: Lemstova tar form på Lyngheim (bilder fra byggeprosessen)
Handverksbygda Os var på 1800-talet ei bygd med mange gode handverk, som ein viktig del av verdi-skapinga i bygdene: husbyggjarar, båtbyggjarar, bøkkarar, treskomakarar, snikkarar, smedar, målarar, rosemålarar og dei mange kvinnene som vov vadmål og vakre ruteåkle i oppstadveven, og som hadde ei god inntektskjelde i lefsebaking. Framleis kring midten av 1900-talet var Os ei handverksbygd med småindustri og møbelfabrikkar, og Osmønstringa i Vognhallen på Os i 1949 viste breidda i dei mange handverka.
To av handverka er markerte i kommunevåpenet for Os; båtbygginga og rosemålinga. Oselvarverkstaden har gjeve eit viktig bidrag til å gjenreisa det gamle båtbyggjarhandverket og ta vare på tradisjonsstoffet kring båtbygginga. På Lyngheim vil det bli grunnlag for å organisera ein rosemålarverkstad, ved dagens dyktige utøvarar i det vi kan kalla eit tradisjonsakademi for den gamle handverkskunsten.
Men Lyngheimparken er også ein stad for avkopling og tilkopling. Folkehelse og friluftsliv vert ein viktig del av programmet for å utvikla denne kommunale prakteigedommen ved Bjørnefjorden, med turløyper og ein aktivitetspark for alle, og med universell tilrettelegging slik at også dei som er blitt avhengige av rullestol skal ha glede av landskap, friluftsliv, historie, konsertar og hyggeleg samvær i solveggen.
Les også: Her er grunnsteinen
Mange har støtta opp om prosjektet og gjort det mogeleg å gjennomføra dette som eit godt tiltak tufta på frivillige ressursar og stor dugnadsinnsats. Av nasjonale fond og legat har Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering/ Folkeakademienes Landsforbund gjeve kr. 950.000, Gjensidigestiftelsen kr. 500.000, Sparebankstiftelsen DnB NOR kr. 300.000, Stiftelsen UNI kr. 250.000, Visjon Vest/ Sparebanken Vest kr. 250.000 og Eckbos legater kr. 50.000, tilsaman kr. 2.300.000. Sponsorar og lokalt næringsliv har gjeve kr. 1.170.000. Hovudsponsoren SEATRANS ved Johan Hvide har gjeve kr. 400.000 og forskotteringar på viktige tidspunkt i prosjektet. Vener av Lyngheim, som har 150 medlemmer, har gjeve kr. 175.000.
Os kommune har stilt området for tunet vederlagsfritt til rådvelde, og saman med grunnarbeidet og tilretteleggingskostnader for tilførselsveg og parkeringsplass utgjer dette ein samla verdi på kr. 400.000. Ikkje minst utgjer den store dugnadsinnsatsen ein betydeleg verdi. Fram til i dag er det lagt ned 5.000 dugnadstimar, til ein verdi av kr. 1.500.000. Det står att arbeid med sikringsgjerde, reising av stavbygd skykkje, hellelegging i tunet, universelt utforma rampar, utstyr, utstilling m.v.
Det er open dag i tunet på Lyngheim 23. august frå kl. 1200-1400. Det blir det servert steinbakte brød med brunost og kaffi. Kl. 1600 byrjar programmet for innbedne gjester.
«Vi gjer merksam på at det ikkje er allmenn parkering på Lyngheim. Dette ligg i eit vakkert turområde, og ein må parkera ved Os sentrum og gå ein halv kilometer inn til Lyngheimparken».
