Tidenes satsing på fylkesveivedlikehold i Hordaland.
Fleirtalskoalisjonen H/FrP/V aukar løyvinga til vedlikehald/dekkelegging på fylkesvegnettet med 60 mill kr i fylkesbudsjettet for 2015. Dette kjem i tillegg til 40 mill kr til som allereie ligg i fylkesrådmannens budsjettframlegg til dekkelegging. Auken vert dekkja inn ved bruk av disposisjonsfond avsett etter overskot i fylkesrekneskapen for 2013.
Dette betyr at ein i 2015 vil kunne reasfaltere 170 km av fylkesveinettet i Hordaland, mot 82 km i 2014. Samla vil nær 6% av fylkesnettet dermed bli reasfaltert i 2015.
I tillegg kjem 126 mill kr som i fylkesrådmannen sitt budsjett har sett av til standardhevingstiltak på fylkesvegnettet, inkludert tunnelsikring. Desse midlane går til tyngre vedlikehald som mindre utbetringar, forsterking av bærelaget, drenering osv.
Samla er dette eit stort løft for å ta att etterslepet på fylkesvegvedlikehaldet i fylket. Over tid har det tilliks med resten av landet bygd seg opp eit stort etterslep på vedlikehaldet av fylkesvegane i Hordaland.
I Hordaland er det i alt ca. 2 900 km fylkesveg med fast dekke på heile vegnettet. Standarden på vegnettet varierer sterkt frå dei høgtrafikkerte vegane i Bergen til smale lågtrafikkerte vegar i distrikta.
- No skal det lukte nylagt asfalt i alle kommunar i fylket det kommande året. Dette er eit viktig bidrag til å betre vegstandarden i på fylkesvegane i heile Hordaland. Dette kjem både innbyggjarar og næringslivet til gode, oppsummerar fylkesordførar Tom Chr. Nilsen (H), fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes (V) og gruppeleiar Terje Søviknes (FrP) i ein pressemelding.
