Søndagens gudstjeneste i Os kyrkje blir flyttet til klokken 18.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
I den anglikanske kyrkja i England er det tradisjon med såkalla «carol services» i adventstida, der ein syng mange av dei tradisjonelle julesongane (eng. carols) og høyrer julebodskapen gjennom tekstlesingar både frå Bibelen og andre tekstar.
- Søndag importerar Os kyrkjelyd denne tradisjonen og flytter gudstenesta frå kl 11 til kl 18 og arrangerer julesonggudsteneste i Os kyrkje.
- Her vil vi saman syngja mange julesongar: nokre tradisjonelle som Mitt hjerte alltid vanker, men og nokre nyare, som Bjørn Eidsvågs I en natt, og omsette klassikarar som Midt i hårdest vinter (In the bleak midwinter) som engleskmenn har same forhold til som vi har til Deilig er jorden i Noreg, seier kapellan Roar Hallesby Evjedal i ein pressemelding.
I gudstenesta vil kapellan Roar Hallesby Evjedal, kantor Andrew Paul Holman og Os kyrkjekor vere involvert, i tillegg til fleire frivillige medarbeidarar.
- Velkommen til ein litt annsleis gudsteneste i Os kyrkje søndag kl 18.
