Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11213

Samler inn penger til Kirkens Nødhjelp

$
0
0

unnamedOfferet ved gudstenestene  i Os på julaften  går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for å redde liv og forandre liv.

- Det er ein lang, lang tradisjon at offer i kyrkjene våre julaftan går til Kirkens nødhjelp.  Slik vert det og i år. Det er julaftangudstenester både i Os kyrkje, Nore Neset kyrkje og på Lysekloster skule, seier kyrkjeverge Gerhard Hansen i ein pressemelding.

Jula handlar om barnet som vart fødd i ein stall for meir enn 2000 år sidan.

- Lat oss også minne kvarandre om barna som blir fødde i dag, inn i fattigdom, i katastrofar, i krig og på flukt. Eit barn er fødd i Gaza. Eit barn er fødd i Syria, i Sør-Sudan, i Malawi. Jesus kallar dei sine minste søsken, og seier at det vi gjer mot dei, det gjer vi mot han.

Sidan 1947 har Kirkens Nødhjelp arbeidd over heile verda på oppdrag for norske kyrkjelydar. Saman gjev vi menneske varig tilgang på reint vatn, fordi vatn endrar alt. Vi gjev nødhjelp til folk i krigssoner, katastrofeområde og på flukt. Vi gjev mødre ein trygg fødsel og barn ein god start på livet. No kan vi gje årets viktigaste julegåve!

- Offeret ved gudstenestene  i Os på julaftan  går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for å redde liv og forandre liv over heile verda. Hugs kontantar !

Om du ikkje har med deg kontantar (eller ikkje kjem til kyrkje julaftan), kan du sende ei tekstmelding med kodeord GAVE til 2468 og gje 200 kroner.

- Takk frå dei som treng denne hjelpen.

                                                       OS SOKNERÅD



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11213