Kommunestyret i Os skal bestemme hvordan overskuddet i 2014 skal disponeres.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Rekneskapen for Os kommune syner eit overskot på heile 48,5 mill kroner (udisponert mindreforbruk). Netto driftsresultat er på heile 3,7%, dvs. godt over måltallet for ein sunn kommuneøkonomi på 2%.
Det gode resultatet i 2014 skuldast i hovudsak tre element.
– Effektivisering over tid og solid budsjettstyring i heile organisasjonen gjer sitt til at alle tenesteområda no går med eit lite overskot. I tillegg vart pensjonskostnaden vesentleg lågare enn budsjettert. Til sist kjem nok eit år med svært god avkastninga på finansporteføljen til Os kommune. Her fekk kommunen ei avkastning på 12%, tilsvarande 24,3 mill kr, sier ordførar Terje Søviknes i ein prssemelding.
Overskotet i 2014 toppar eit allereie godt utgangspunkt frå 2013 då overskottet var på 34,3 mill kr.
– Det er derfor god grunn til å retta ein stor takk til dei tilsette i kommunen, som både står for viktig utviklingsarbeid og løpande tenesteproduksjon i ein hektisk kvardag, seier Søviknes.
– At alle tenesteområda lever gode resultat same året er ekstra gledeleg. Og vi treng overskotet mellom anna til framtidige investeringar i skular og sjukeheimsplassar for å halda tritt med folkeveksten.
– I tillegg må vi presisera at vesentlege delar av overskottet skuldast eingongsinntekter, som vi ikkje kan budsjettera med kvart år. Solid avkastning på finansporteføljen etter Oskraft og BKK-salet rundt årtusenskiftet er eksempel på dette, oppsummerer Søviknes.
Os kommunestyre vil seinare i vår komma attende til disponering av overskotet for 2014.
