Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11365

Os får flere lærere

$
0
0

img_3170Os kommune får 2,5 mill kr som skal gå til nye lærerstillinger til de yngste elevene.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

I budsjettforliket for 2015 vedtok samarbeidspartia Høyre, FrP, KrF og V å løyva 200 millioner kroner til fleire lærarar for dei yngste elevane. Midlane er no fordelt til dei kommunane med færrast lærarar per elev.

Tilskotet gjeld frå hausten 2015, og heilårseffekten av løyvinga er frå og med 2016 på heile 480 mill kroner per år. Føremålet er å auka lærartettleiken på 1. til 4. trinn.

For Os kommune vert det løyvd kr 2 500 000 for skuleåret 2015/16.

– Dette går rett inn i den satsinga som Os kommune allereie har etablert på tidleg innsats i prosjekt Betre læringsresultat, seier leiar i Tenesteutvalet Eirik Andre Hesthamar  (FrP) og varaordførar Marie Bruarøy (H). Hesthamar er også leiar av styringsgruppa for Prosjekt Betre læringsresultat.

– Det er positivt å registrera at samarbeidspartia på Stortinget er på line med våre lokale prioriteringar. Å setja inn tiltak i høve læringsmiljøet allereie frå 1.klasse er noko vi har tru på, spesielt i høve grunnleggjande kunnskap i lesing, skriving og rekning. Ein god start for den einskilde elev  betyr mykje for heile utdanningsløpet til eleven, konkluderar Hesthamar og Bruarøy.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11365