Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11361

Osfest slapp seks nye artistnavn

$
0
0
20483_720866594692819_4502758406993511670_nHåvard Skåthun og Bendik Brænne er blant de 12 artistene Osfest nå har fått på plass.

Tidligere har Osfest fått på plass artistene Gabrielle, Kurt Nilsen, deLillos, ELG, Monica Heldal og Elvira Nikolaisen.
Under konserten til Håvard Skåthun på Amfi Os torsdag kveld, lanserte festivalen seks nye artister

CHRISTINE SANDTORV
(Barnekonsert, Oseana Kunst- og Kultursenter lørdag 1 august kl 13.00)
Christine Sandtorv tek med seg Stjernetellerbandet og det lokale barnekoret på scena i ein festkonsert for heile familien på Oseana Kunst- og Kultursenter. Plata «Dinomaur» blei kåra til «Årets beste barneplate 2014″ og vann Spelemannspris.
BENDIK BRÆNNE
Spellemannsprisvinnar i «Country» Bendik Brænne lagar musikk av svært høg kvalitet. «How To Fake It In America» er ein fantastisk plate, og for deg som likar The Band, Van Morrison eller rett og slett berre god låskrivarkunst med eit supert band er Bendik Brænne garantert ein av konsertane du ikkje kan gå glipp av!
TWANG GANG
«Tvangsgutane» kjem direkte frå Voss, og byr på vorspiel med rockabilly og feststemning i VIP-teltet før hovudscenen opnar laurdagen. Noregs kulaste trio er velkjend for mange og her kjem og ein skikkeleg overrasking.
MK’S MARVELLOUS MEDICINE
Marie Kristin Dale og trioen MK’s Marvellous Medicine er eit «up and coming» groovy bluesrockband som pumpar liv i den gitarbaserte rocken på ein ny og spennande måte, forankra i stilartar lik Stevie Ray Vaughan og Jimi Hendrix. Laurdagen held dei konsert i VIP-teltet før det brakar laus på hovudscena «Oselvaren».
TERJE FRIGAARD
Terje Frigaard er eit fyrverkeri som leverar gnistrande og stilfull bluesrock med eit strålande band i ryggen. Festivalcruise på Bjørnefjorden er ein tradisjon i Os, og må opplevast! VIP-teltet får og besøk av artisten.
HÅVARD SKÅTHUN
Håvard Skåthun frå Fusa er ein av dei mest talentfulle lokalartistane vi har. Rock og country blir blanda med gode, melodiøse låtar og ein særprega stemme. Håvard er aktuell med plata «Flying in the Free» som blei sluppa i vår. Vi kjem nok til å sjå mykje meir til Håvard i årene som kjem.

Under ser du Bendik Brænne da han besøkte Lindmo.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11361