Skal kartlegge livsstilen og levekårene til ungdommene i Os.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
I desse dagar går det ut informasjon til føresette og ungdom om Ungdata-undersøkinga i Os 2015.
På oppdrag frå Os kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region Vest Bergen (KoRus Vest Bergen) ei anonym spørjeundersøking blant ungdomane i kommunen.
«Formålet er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdom».
Resultata frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Os kommune. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.
Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av april 2015. Det tek ca. éin skuletime å fylle ut spørjeskjemaet. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om korleis ungdom bruker fritida si, om trivsel og kva slags tilhøve dei har til skule, venner og vaksne i nærmiljøet. Det vil også verte stilt spørsmål om vanskelege sider ved det å vere ung, slik som mobbing, psykisk helse, vald og rusmiddel. I tillegg kjem spørsmål om foreldras yrke og sosiale status.
Elevane vert informerte om at deltaking er frivillig, og at dei kan hoppe over enkeltspørsmål. Undersøkinga er anonym, og det er ikkje mogleg å identifisere enkeltelevar gjennom dei data som vert
samla inn.
Meir utfyllande informasjon om undersøkelsen finn du på www.ungdata.no.
Føresette kan reservere seg mot at deira barn skal delta, ved å gje beskjed til kontaktlæraren. For at undersøkinga skal ha nokon verdi, er det viktig at så mange som mogleg deltek. Frist avmelding for deltaking er onsdag 8.april med SMS til kontaktlærar.
Datamaterialet vil seinare verte lagt inn i ein nasjonal database, saman med tilsvarande ungdomsundersøkingar som er gjennomførte i andre kommunar.
Ved ytterlegare spørsmål knytt til undersøkinga, ta kontakt med psykologspesialist Erik Iversen ved KoRus Vest Bergen (55 90 86 42) eller kontaktperson for undersøkinga i Os kommune, Jan Rune Bakke (56 57 51 32).
