Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11379

Meld frå kvar du går

Image may be NSFW.
Clik here to view.
IMG_7980-2
Den Norske Turistforening har omsett Fjellvettreglane til nynorsk i samarbeid med Noregs Mållag.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Fjellvettreglane er aktuelle for alle som er i fjellet i dag. Men det var på høg tid å få dei på nynorsk, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

– Fjellvettreglane er noko nordmenn flest har eit forhold til. DNT jobbar med å få så mange som mogeleg med ut på tur, og då er det eit stort poeng å ha reglane tilgjengeleg på begge skriftspråka. Fleire av våre 57 foreiningar nyttar nynorsk, og det skulle difor berre mangla at ikkje Fjellvettreglane er på begge språka, seier Øveraas til Bergen og Hordaland Turlag.

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, seier omsetjinga er viktig for å gjera nynorsken meir synleg.

– Nynorskbrukarar treng å sjå språket sitt rundt seg. Og for alle som ferdast i fjellet, er det viktig at dei ser og les språket som i stor grad vert brukt i mange av dei mest besøkte fjellområda våre. Slik knyter DNT seg endå sterkare til lange, lokale friluftstradisjonar der nynorsken er språket, og syner han fram til alle som er glade i fjellet og uteliv.

Les også: Menn faller i skibakken

Det var etter uvêrspåska i 1950 der fleire omkom, at DNT og Røde Kors laga brosjyrane «Respekt for fjellet» og «Dei ni fjellvettreglane» for å førebyggja ulukker. Reglane, slik me kjenner dei i dag, kom i 1967.

FJELLVETTREGLANE

1. Legg ikkje ut på langtur utan trening

2. Meld frå kvar du går

3. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane

4. Ver rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggekk og det utstyret fjellet krev

5. Lytt til erfarne fjellfolk

6. Bruk kart og kompass

7. Gå ikkje åleine

8. Vend i tide, det er inga skam å snu

9. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt


Image may be NSFW.
Clik here to view.
Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 11379

Trending Articles


Av: Jotun LADY


Cigaretter ligger i org. eske: Hjemmeavlet Tobakk av NETO.


Hybel - 2 roms, Rognveien 1, Rognan (25.10.18)


Rom i jentekollektiv midt på Grunerløkka (20.12.17)


Av: Jotun LADY


Kelneren kupper TV-daten når deltakeren går på do


PLATTE: MANN OG VIV ER EITT LIV -


Hvordan funker wegovy mentalt?


Videointervju med Thor-Eivind på Team Thom:D


Leilighet - 2 roms, Bugges Veg 4, Trondheim (17.08.20)