Image may be NSFW.
Clik here to view.Os sentrum inviterer til hårete moteshow i Oseana. Terje Søviknes inntar catwalken og motedesigner Viktoria Aknes kommer.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Os Sentrum arrangerer for første gong eit HÅRETE moteshow i samarbeid med Oseana og alle medlemsbedriftene i Os Sentrum, onsdag 15. april klokka 19.
– Ja i år blir det fokus på hår, skal det være blått eller lilla, kort eller langt, og korleis skal vi gå kledd, ja alt dette og meire til vil du kunne få svar på på onsdag, skriver Os sentrum i en pressemelding.
– Frisørane i OS Sentrum har fått frie tøylar i håret til modellane sine, så her kan vi verkeleg se fram til eit mangfald.
Kali, Instinct, Madam Ane, Moberg Sko, Bakketeig og Gullsmed Eide med fleire pynter den resterande del av kroppen. Van Bergen stiller med representant som vil visa sine flotte og særegne smykker. Og scenepynten tek Os Blomsterservice seg av.
– Det blir mange nye ansikt på catwalken, og vi må jo få lov å røpe at ein av dei, Terje Søviknes har valgt å gå nye vegar. Kan jo ikkje berre ha fokus på E 39, eller?
Motedesignar Viktoria Aksnes er den som sørger for at veslesøster Aurora Aksnes alltid stiller i egne og spesielle antrekk. Ho vil osingane få stifta nærmare bekjentskap med på onsdagen.
Nornekoret vil sørge for eit par musikalske innslag.
Kveldens konfransier Anne Marie Aarøen Vangsnes, vil på sin formidable måte leda showet utover kvelden.
– Og sist men ikkje minst, vi er kjent for våre rause gavedryss under moteshow, og det er ikkje unntak denne gongen heller, det er gåver for over 45000 som vert delt ut blant alle i salen.
– Dette kan du berre ikkje gå glipp av», avslutter Os sentrum.
Image may be NSFW.
Clik here to view.

Clik here to view.
