Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11377

«Pappas kjærlighetsbarn» på TV2

$
0
0

10609449_654250981374694_1511344319476419331_nHomofile Torstein Hetlevik driv Haaheim gaard på Tysnes, men han er og far til lille Konstanse.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

«Pappas kjærlighetsbarn» handlar om homofile Torstein, og hans kontroversielle val i høve det å starte ei familie.

«Det er ein film om det eit lite øysamfunn tenkjer om eit barns beste, om utradisjonelle val og om det som står i skrifta. Men mest av alt handlar det om kjærleiken mellom ein far og ei dotter», skriver Pandora Film.

Se smakebit fra filmen her!

Dokumentarfilmen får fjernsynspremiere på TV2 måndag 4. Mai klokka 22.40.

– Me har prøvd å sjå kva som eigenteleg tel. Er det viktigaste at ungar har ein omsorgsperson med ressursar eller at dei har to foreldre, spør produsent for filmen, Ida Kleppe.

I heile fjor følgde produksjonsselskapet Pandora Film Torstein Hatlevik, som driv Haaheim Gaard. Som einsleg homofil blei han far til dottera Konstanse.

– Me har laga ein film om Torstein før, og høyrde at han skulle bli far ein gong til. Det synest me var spanande. Det er viktig å fortelja slike historier, for å skapa aksept for ulike måtar å leva på, seier Kleppe til Bladet Tysnes.

I forkant av sendinga skal Torstein og Konstanse på «Frokost TV» på TV Haugaland på fredag, og «God Morgen Norge» på TV2 på måndag.

– Det blir triveleg. Det er ein koseleg film, seier Torstein Hatlevik.

 



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11377