I løpet av torsdagen blir Industrivegen i Kolskogen omgjort til forkjørsvei.
Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
I løpet av ettermiddagen torsdag 11.6.2015 vert Industrivegen/Kolskogheiane skilta om til forkjørsveg.
– Dette er ein lekk i arbeidet med trafikksikringstiltak i området før vegane skal nyttast som omkøyringsveg når Ulvenvegen vert stengd for gjennomkøyring i samband med bygging av ny E39 Svegatjørn‐Rådal, seier Terje Myking i Teknisk drift i Os kommune.
Les også: Nye veistenginger i forbindelse med dekkelegging
Det er i tillegg utførd/vert utførd følgjande trafikksikringstiltak i Industrivegen:
– Utviding av bredde på fortau mellom Meny og Øvre Varåsen.
– Nye heva gangfelt i krysset med Øvre Varåsen og Kolskogheiane.
– Endra linjeføring i krysset med Kolskogheiane
– Utbetra veglys i krysset med Kolskogheiane.
– Langsgåande kantlinjeoppmerking Industrivegen/Kolskogheiane
Arbeidet er finansiert i eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune og Os kommune.
– I Kolskogheiane frå krysset ved Os vidaregåande skule til Ulvenvegen skal det gjerast ein del utbetringstiltak i regi av E39‐prosjektet seinare på hausten.
