Det kan det være du får høre naboen fortelle om blant annet kulturminne, lokalt næringsliv og organisasjonsliv.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Kulturminnedagene (European Heritage Days) går føre seg over heile Europa i midten av september kvart år. Målet er å syna fram kjent og ukjent kulturarv for folk flest. Frivillige organisasjonar, museum og kommunar står bak hundrevis av aktivitetar i Noreg. Noregs Kulturvernforbund har ansvar for nasjonal koordinering og marknadsføring.
«Kultureininga i Os kommune har intervjua 14 personar i ulike aldrar og frå ulike krinsar, om kulturminne, lokalt næringsliv og organisasjonsliv, lokale tradisjonar og historier. Intervjua er dokumentert på lydopptak. Opptaka er redigerte, og vert publiserte på Os kommune sine nettsider (www.oskommune.no)», melder kultureininga i Os kommune i ein pressemelding.
Den offisielle opninga vert i Frivilligsentralen, Gamle kommunehus på Kyrkjeflaten laurdag 12. september kl. 12.00. Då vert og opptaka tilgjengelege på nettet. Arrangementet er gratis og ope for alle.
Klikk deg inn på www.oskommune.no , skru opp lyden, og høyr osingar fortelja om sitt eige nabolag. Og kan hende du vil få høyra om ting du ikkje visste om ditt nabolag.
