Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11218

Folkemøte om kloakkrenseanlegget Ohara

$
0
0
ta-inn-hele-skjermen-20-08-2015-190557

Byggingen av kloakkrenseanlegget OHARA inne i Liafjellet er ett av de største prosjektene i Os noen gang.

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

«OHARA vil sikra trygg handtering og reinsing av kloakk i kommunen i overskodeleg framtid. Men fyrst må dei som bur i nærleiken førebu seg på at det kjem til å smella ei stund», melder Os kommune.

I oktober startar Veidekke Entreprenør AS sprengingsarbeidet for å laga tunnelar og ein fjellhall djupt inne i Liafjellet, kor sjølve prosessanlegget skal ligga. Det skal sprengast og fraktast ut om lag 100 m3 med stein, og anleggsarbeidet vil pågå i om lag 15-16 månader.

Les og: VEIDEKKE BYGGER RENSEANLEGG FOR OS KOMMUNE

Folkemøte i Oseana
Det bur mange i nærleiken av anleggsområdet. Difor inviterer kommunen til eit folkemøte onsdag 23. september, for å gje praktisk informasjon og svara på spørsmål om kva anleggsarbeidet vil bety for dei som bur og ferdast i området.

– Anleggsarbeidet vil vera merkbart i området frå slutten av september 2015 og fram til januar-februar 2017. Det skal mellom anna sprengast og transporterast ut stein frå fjellet, og folk som bur i nærleiken vil naturleg nok merka arbeidet, seier Johannes Håkonsund, prosjektleiar for OHARA i Os kommune.

– Vi forstår godt at anleggsarbeid ikkje nett er til glede for dei som bur her. Samstundes legg vi opp til at arbeidet skal gå føre seg på ein god måte og til greie tider. Vi ynskjer å gje ordentleg og ærleg informasjon, slik at folk føler seg trygge og opplyste. På folkemøtet i Oseana den 23. september har alle høve til å få svar på det dei måtte lura på i samband med OHARA-arbeidet. Kom, høyr kva vi har å seia og still spørsmål, oppmodar Håkonsund.

Prosjektleiar Johannes Håkonsund og ordførar Terje Søviknes vil vere til stades for å informera og svara på spørsmål, saman med representantar frå leverandørane Veidekke Entreprenør AS, Multiconsult AS og Cowi AS.

Oseana, 23. september klokka 19-21.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11218