Prosjektleiaren i Statens vegvesen kan notere at over 400 møtte fram til dei tre møta, to i Fana og eitt i Os.

Info til over 30.000
Dermed fekk vi fram direkte informasjon om arbeidet til eit stort publikum, som eit supplement til fulldistribusjon av brosjyre og nærinfo-blad gjennom posten – til over 30.000 adressar i Os, Fana og Ytrebygda bydelar.

– Vi fekk mange tilbakemeldingar og innspel frå engasjerte naboar og trafikanter i Os og Fana. Mange av desse hadde vi forventa. Men det kom og ein god del nye utfordringar for Statens vegvesen, som vi har sagt vi vil sjå nærare på. Alt i alt er det lagt eit godt grunnlag for vidare dialog med publikum, seier Ottesen.

Påverkar trafikken
Prosjektleiinga har sagt at ein vil høyre på ønskje og innspel frå naboar, velforeningar, politikarar og trafikantar i utbyggingsområdet. Men utgangspunktet er bestillinga til Stortinget, når det gjeld framdrift og økonomi i prosjektet.

Kontraktene med entreprenørane set og grenser for kva endringar ein kan få til – for å imøtekome lokale ønskje.

Denne veka set entreprenøren i gang med maskinarbeid og etterkvart sprenging på fleire plassar i Fana, både langs rv.580 Flyplassvegen og fv. 546 Fanavegen. Arbeidet vil få trafikale verknader. Ein viser her til trafikkmeldingane på http://www.vegvesen.no og tlf. 175 for nærare informasjon.

Byggestart i Os
Tysdag 29. september kl. 16.00 blir det markering av byggestart for prosjektet i Os, ved ordførar Terje Søviknes. Dette skjer ved Ulven næringspark. Det svarer seg å la bilen stå ein annan plass, og ta seg fram siste stykket som fotgjengar – om ein vil ha med seg dette.