Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11299

Nå må du snart koke drikkevannet igjen

$
0
0

img_3629Til uken blir det fem dager med koking av drikkevannet, i forbindelse med at arbeid skal gjøres på inntaksledning.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

«Kokevarselet vil gjelda frå onsdag 2. desember klokka 22.00, og anslagsvis fem dagar fram i tid. Ny melding vert sendt ut når kokevarselet er oppheva», melder Os kommune.

Ny inntaksleidning i hovuddrikkevasskjelda i Os, Krokavatnet, skal koplast saman med resten av vassleidningsnettet. I mellomtida vil drikkevatnet koma frå reservevasskjelda Hovlandsvatnet. Hovlandsvatnet oppfyller ikkje alle Mattilsynet sine krav til reinsing av drikkevatn.

Dette medfører at dei fleste i Os kommune som får vatn i frå Os vassbehandlingsanlegg, vil måtta koka drikkevatnet i ein periode. Abonnentar som bur i Lysefjorden og får vatnet sitt frå Søvik vassverk vert ikkje råka.

Alle vassabonnentar som vert råka vil få varsel på SMS eller automatisk telefonoppringing om at dei må koka drikkevatnet sitt.

Årsak til kokevarselet
Bakgrunn for arbeidet er at inntaksleidningen i Krokavatnet kollapsa i oktober i fjor. Dette medførte kokevarsel før eit mellombels inntak kom på plass. Denne mellombelse inntaksleidningen skal no fjernast, den nye leidningen koplast til og reingjerast, før vatnet igjen kan forsyna Os vassbehandlingsanlegg med ei permanent løysing.

– Vi er leie for ulempene dette gjev folk i førjulsstria. Samstundes er det heilt naudsynt å få på plass den nye inntaksleidningen for å sikra tilførselen av godt og trygt drikkevatn. Difor må vi berre oppmoda folk til å halda ut kokinga i nokre dagar. Vi skal jobba så raskt vi kan, lovar prosjektingeniør i Os kommune, Lene Jeanett Nordstrønen.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11299