Og det er bare få billetter igjen til Øystein Sunde. Denne uken er vårprogrammet til Oseana på vei ut i postkassene til osingene.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Denne veka blir Oseana sitt vårprogram distribuert i Os sine postkasser, og allereie no er det fleire arrangement der du må skunde deg dersom du vil ha tak i billettar, melder Oseana i en pressemelding.
– Vi må seie vi er nøgde med responsen og billettsalet etter programsleppet vårt i desember, seier ein smilande arrangementssjef Berit Steen.
Barneframsyninga Bukkene Bruse på Badeland, som kjem i regi av Riksteateret laurdag 5. mars, er allereie utselt, og det er no sett opp ei ekstraframsyning same dag kl. 15.00.
– Kombinasjonen barneframsyning og Riksteatret har også tidlegare vist seg å vere suksessfulle, seier Steen, og viser til tidlegare utselde hus både på Hakkebakkeskogen og Karius og Baktus.
Men også gamle travarar får billettane til å gå unna.
– På framsyninga med Øystein Sunde og Ingrid Bjørnov er det att få billettar og på konserten med Lindesnes Trekkspillklubb byrjar det å bli trangt om plassane, så her må folk verkeleg vere om seg om dei skal sikre seg desse godbitane.
Størst sal har imidlertid Os si eiga Aurora Aksnes, som på noverande tidspunkt allereie har seld fleire billettar enn det ho totalt gjorde til konserten i fjor.
– Vi er så stolte over at Aurora kjem tilbake til oss! Og det skulle ikkje forundre meg om ho kjem med ein rykande varm Spellemannspris i bagasjen, seier Steen.
