Os kommune inviterer foreldre til et informasjonsmøte rundt dette med spilling, grensesetting og faresignal.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
– Dataspel er ei kjelde til ufred i mange familiar. Med dette informasjonsmøtet ønskjer vi å spreie litt kunnskap til foreldre kring dette med speling, grensesetjing og faresignal, seier kommunepsykolog Sanne Bach Skorpen.
– Det er lett å få inntrykk av at dataspel nærmast er rota til alt vondt. Sanninga er at dataspel kan vera både lærerikt og underhaldande. Mange spelar mykje utan at det utviklar seg til eit problem. Problematisk dataspeling handlar gjerne meir om årsaken til at nokon spelar mykje, enn berre det at vedkomande brukar mykje tid på å spele, seier kommunepsykolog i Os kommune, Sanne Bach Skorpen.
Os kommune si ressursgruppe Tidleg innsats rettar seg mot barn og unge i risikosonen for avhengigheit. Saman med kommunepsykolog for barn og unge Sunniva Barman Teige og ruskonsulent Jan Rune Bakke, inviterer Sanne Bach Skorpen foreldre og andre nyfikne til eit informasjonsmøte om dei gode og dårlege sidene ved dataspel. Dei har òg fått med seg psykologen Rune Mentzoni, som forskar på dataspel og avhengigheit ved Universitetet i Bergen, og sjølv er aktiv spelar av dataspel.
Eit aukande problem
Dataspel er ein stor og viktig hobby for mange barn og unge, og så å seie alle barn i Noreg spelar ei eller anna form. For dei aller fleste er spelinga underhaldande, lærerik og utviklande. For nokre få er det eit alvorleg problem.
I følgje Medietilsynet er problemspelaren ein som utviklar eit tvangsmessig forhold til spelinga, kor spelinga blir til hinder for skule, familie, karriere og det sosiale livet. Korleis skal foreldre vite når spelinga har tatt overhand og styrer livet til barnet deira?
-Vi i ressursgruppa Tidleg innsats vil dele kunnskap, tips og råd med foreldre som ønskjer å forstå kva barnet deira held på med, og som lurer på om dei har grunn til å vere bekymra eller ikkje, seier Sanne.
Flukt frå den vanskelege, verkelege verda
Talet på saker i samband med problematisk dataspel er aukande i Os.
– I mange tilfelle handlar det om at den unge rømmer frå trøblete ting i den verkelege verda. Han søkjer på ein måte tilflukt i spelverda, kor det sosiale presset i dagleglivet er fråverande. Då kan det bli endå vanskelegare å takle det verkelege livet. Samstundes er foreldra gjerne fortvilte og rådville fordi dei rett og slett ikkje forstår kva barnet deira held på med, fortel kommunepsykologen.
– Vi veit at dataspel er ei kjelde til krangling i mange familiar. Med dette informasjonsmøtet ønskjer vi å spreie litt kunnskap til foreldre som har spørsmål kring dette med speling, grensesetjing og faresignal. Denne kvelden er for alle som er interesserte i kva barna held på med når dei spelar, ikkje berre dei som er bekymra for om spelinga kan vere eit problem, understrekar Sanne Bach Skorpen.
Informasjonsmøtet blir halde i Symrasalen på Nore Neset aktivitetshus, torsdag 28. januar, frå klokka 18 til 20.
