Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11222

Vil du prøve å brygge ditt eget øl?

$
0
0

barrel-1081346_960_720I april blir det kurs i hjemmebrygging og i juni blir det ølfestival.


Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook

Oseana ølfestival går inn i sitt andre år, og heimebryggar-konkurranse i samband med festivalen er allereie lansert. No blir det også, som i fjor, nytt kurs i ølbrygging. Kurset finn stad på Oseana 16. april kl. 10.30 og kurshaldar er Birger Storaas, dagleg leiar hos Vestbrygg AS.

– Dette er eit nybegynnarkurs men kan høve like godt for deg som har brygga litt frå før, vi legg nivået etter deltakarane sin erfaring. Det er ingen krav til forkunnskapar, du treng kun å ha lyst til å finne ut meir om prosessen rundt ølbrygging. Målet med kurset er at ein sjølv skal kunne prøve å brygge på eiga hand, og få ei god forståing av prosessen, forklarar Storaas.

Berit Steen er nøgd med å kunne presentere endå meir aktivitet i samband med ølfestivalen, som går av stabelen i juni.

– Kanskje vi kan få til aktivitet rundt heile året i samband med dette. Interessa er der jo tydelegvis, seier Steen, som oppmodar gryande bryggeentusiastar om å vere tidleg ute.

All informasjon om kurset og om korleis du melder deg på, finn du her: http://www.oseana.no/nb/bryggekurs



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11222