Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11222

Rodde Norge på langs med Oselvar

$
0
0

IMG_3545 - KopiOg båten var det osingen Hallgeir Forstrønen Bjørnevik som bygget.

Få nyhetsoppdateringer fra  NyttiOs på Facebook!

Sumaren 2015 rodde Bjørn Tomren ( jodlaren Polka-Bjørn) Norge på langs med ein nybygd Oselvar.

Turen starta i Honningsvåg og enda på Lindesnes. Dette er fjerde Norge på langs-turen Bjørn har gjennomført.

Båten vart bygd våren 2015 av osingen Hallgeir Forstrønen Bjørnevik i verkstaden hans på Bjørnen i Os.

No står båten utstilt i Båthallen på Hordamuseet, der du kan sjå korleis ein rotur på 2000 kilometer pregar ein nybygd båt.

Turen vart formidla undervegs av Kjell Magnus Økland via bloggen http://bjornpaalangs.no/. Der kan du sjå bilete og multimediereportasjar frå heile turen.

Kjell Magnus var óg med og rodde på delar av turen og er forfattar av den komande boka om Oselvaren  (sjå www.oselvarbok.no).

I multimedieforedraget på Hordamuseet får du sundag 6. mars høyra røvarhistoriar frå roturen, bygginga og meir allment om Oselvaren. Innimellom vert det musikalsk underhaldning ved Oselvarbanden.

Båthallen på Hordamuseet, sundag 6. mars kl. 13 og 15.

Ta inn hele skjermen 03.03.2016 094029



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11222