27 poster er plassert i nærheten av skulpturer rundt Os sentrum.
Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook
«Skultptur-O» kallar Os Orienteringsklubb turen med 27 postar.
I arbeidet med denne turen har dei samarbeida med kunstnar Arne Mæland.
Alle postane er plassert nær ein eller fleire skulpturar, Skanner du QR-koden under biletet med mobiltelefonen får du meir informasjon om skultpturen, kven som har laga den og ting du ikkje ser med ein gong. På nokre av skulpturane får du med kommentarar frå kunstnaren sjølv.
«Dette er ein lang tur, vi tilrår at du deler den opp i fleire turar. Til dømes ein på vestsida og ein på austsida av Oselva», skriv Os Orienteringsklubb om turen.
Turkart kan du laste ned gratis her!
Klubben oppfordrar dei som går turen om å registrera seg i etterkant.
«Etter turen er det fint om du registrerer besøket på turorientering.no/osok».
Alle som registrerer minst 30 postbesøk er med i trekninga av fine premiar.
