Det skal utføres tungt veiarbeid langs E39 i fire måneder.
E39 mellom Moberg og Tøsdal blir stengt for all trafikk i retning nordover frå Halhjem mot Bergen frå mandag 2. mai til søndag 4. september 2016.
«Det skal utførast tungt vegarbeid langs E39 mellom Ulvenvatnet og Tøsdal i denne perioden. Både sprenging, graving og masseflytting vil pågå. Det skal etablerast ei ny, djup grøft for nye leidningar for overvatn og spillvatn, samt kommunal VA-leidning mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet. Difor treng ein eine køyrefeltet til anleggsarbeid i desse fire månadene», skriv Statens vegvesen i ein nærinfo som går ut til alle adressar i Os neste veke.
Omkøyring for trafikk nordover blir på fv. 552 om Osøyro.
«Det har vore gjort utgreiing om trafikkstraumar og vurdering av kva tid på året og i kva retning stenginga skal gjennomførast. Ein har vald sommarperioden med skuleferie i store delar av perioden og gode køyretilhøve. Ei vurdering av framkomst-tilhøve gjennom dei mange rundkøyringane, tilseier at trafikken frå Halhjem mot Bergen må ta omkøyringsvegen om Os sentrum. Trafikken mot Halhjem går som vanleg langs E39 mellom Tøsdal og Moberg, i det eine køyrefeltet som blir halde ope her», skriv Statens vegvesen.
Ved sprenging i anleggsområdet må også denne trafikken pårekne kort ventetid, på inntil 10 minutt om gongen. Det vil bli auka trafikk på fv. 552 gjennom Osøyro desse fire månadene.
