↧
E39 mellom Tøsdalsskiftet og Moberg i Os blir stengt tre netter på grunn av anleggsarbeid.
«Det har pågått bygging av ei 600 meter lang ny vassleidningsgrøft på strekninga sidan i mai. Arbeidet er inne i siste fase, og då må ein krysse E39. Når dette pågår kan det ikkje vere trafikk på vegen, og E39 blir dermed stengt for all trafikk tre netter i veke 34», melder Statens vegvesen.
Det blir stengt mellom kl. 22.00 til 06.00 frå onsdag kveld 24. august til laurdag morgon 27. august.
Vegen er som tidlegare i sommar open for ein vegs trafikk i retning Halhjem på dagtid og kveld mellom kl. 06.00 og 22.00 heile veka. Omkøyringa er via fv. 552 om Øysøro. Arbeidet blir utført nattestid, når det er låg trafikk.