Nå er det døgndrift fra begge sider av Skogafjellstunnelen.
Statens vegvesen har gjeve klarsignal til døgndrift av den 1250 meter lange Skogafjellstunnelen, sidan ein no er komen langt inn i tunnelen. Døgndrift betyr at entreprenøren har høve til å sprenge tunnelsalver også mellom kl. 22.00 og 07.00.
– Naboane i sør vil i mindre grad merka rystingar frå sprenging, og i endå mindre grad etter kvart som ein kjem lenger nordover mot Endalausmarka.
Tunneldrivarane er inne i ei sone med meir vanskeleg fjell. Dette var forventa på førehand.
– Men omfanget av vatn i fjellet er vanskeleg å kartlegge på førehand. Det viser seg at det har vore behov for ein god del innsprøyting av betong for å stabilisere fjellet før sprenging.
