– Ein samanhengande betongleveranse på 522 kubikk måtte til for å byggje brua ved Endalausmarka gjennom laurdagen.

Brua er på to spenn, på 22 og 26 meters lengde. Fylkesvegen inngår i prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.

– Dette er den andre brua som er bygd i år på denne fylkesveg-armen mellom E39 og det som kan bli eit framtidig utbyggingsområde vest mot Lysefjorden.

Kan bli ny stenging
No er det nedrigging av forskalinga som står att. Formen skal løysast frå betongen.

– Heile forskalingsformen vil seinare bli løfta vekk frå brua. Når dette skjer vil det på nytt vere behov for å stenge vegen nattestid.