Statens vegvesen anebfaler bro over Bjørnefjorden, tunnel til Moberg. Og åpen vei med kryss ved Svegatjørn.
At kommunedelplanen ligg til offentleg ettersyn, vil seie at alle kan komme med innspel innan høyringsfristen, som er 20. januar 2017.
Når kommunedelplanen blir vedtatt, er det den tilrådde løysinga Vegvesenet planlegg vidare i detalj.
– Vi held folkemøte for å gi innbyggarane ei god orientering om prosjektet. I tillegg vil vi ha tilbakemeldingar, høyre kva som opptar folk. Dette er viktig når vi skal gå vidare med meir detaljert planlegging, seier Signe Eikenes, prosjektleiar for E39 Stord-Os.
Med seg har ho blant andre Kjell Håvard Belsvik, ansvarleg for brua over Bjørnafjorden.
Os kommune kjem til å ta del med representantar frå politisk leiing og planavdelinga, men det er altså Statens vegvesen som er ansvarlege for møtet ettersom E39 er eit statleg prosjekt.
