I Danmark solgte Kim Larsen ut på noen dager, og han vil garantert trekke mye folk til Tysnes i juli.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Denne uken slipper Tysnesfest tre nye navn som er klar for festivalen i juli 2017.
Ved siden av Kim Larsen, er det også klart at ex. Kaizers Orchestra-vokalist Janove Ottesen kommer, og det samme gjør Sivert Høyem.
Men tilbake til Kim Larsen. Mannen er 71 år, og er fremdeles meget populær i sitt hjemland Danmark. Han kommer til Tysnesfest med bandet sitt, Kjukken.
«Kim Larsen er i haust på turne i Danmark. Heile turneen blei utseld på nokre dagar, og no er det klart at 71-åringen reiser ut på vegen igjen til sommaren. Larsen var på 70-talet vokalist og frontfigur i Gasolin, som framleis er rekna som eit av Skandinavias største rockeband. Med seg i bagasjen på sommarens turne har han garantert Gasolin-slagarar som «Hva gør vi nu, lille du», «Rabalderstræde» og «Kvinde min». I tillegg får me høyre masse anna frå hans meir enn 45 år lange karriere.
Kim Larsen har i heile 2016 jobba med innspeling av nye låtar, og eit nytt album er venta våren 2017. Singelen «Moder Jord» er allerede lansert og har fått god mottakelse».
Jannove Ottesen
«Ex. Kaizers Orchestra-vokalist Janove Ottesen legg turen innom Tysnesfest på sin sommerturne. 30. januar 2016 inntok Ottesen Spellemann-showet i Oslo Spektrum. Det blei den etterlengta premiera på den storslåtte og catchy låten «Regnbyen treffer oss ikke lenger», som samtidig opna dørene for ein helt ny tekst-verden for frontfiguren frå Kaizers Orchestra. I vinter legger Janove ut på Noregsturne med eit heilt nytt album og eit fantastisk liveshow. Janove fått med seg gamle venner som utgjer et stjernelag med nokre av dei ypparste musikarane i Noreg og Sverige.
Janove Ottesen kan alt sjå tilbake på ein imponerande karriere. Saman med Kaizers Orchestra vann han mellom anna Stavanger Aftenblads kulturpris, Norsk Artistforbunds Ærespris, Edvard-prisen for populærmusikk, Årets spellemann, Spellemannprisen for årets gruppe, Spellemannprisen for årets musikkvideo og Alarmprisen for beste liveband. Samtlege av bandets åtte studioalbum nådde førsteplass på VG-lista mellom 2001 og 2012. Men no er det solokarrieren til Janove Ottesen som gjeld».
Sivert Høyem
«Ingen ringere enn Sivert Høyem er klar for konsert på Tysnessåto torsdag 13. juli!
Oslo Ess, Lars Vaular og Sondre Justad har alle spelt på Noregs mest spektakulære konsertscene, 753 meter over havet. I 2017 har me invitert Sivert Høyem til fjells.
2016 har vore eit begivenhetsrikt år for Høyem. I januar sleppte han albumet «Lioness», og i vår, sommar og haust har han gjort over 80 konserter i inn- og utland. Eit av dei desiderte høgdepunkta var to utselde hus framfor 10.000 greske fans i Akropolis.
Men no er det neste sommar det handlar om. I tillegg til konserten på Tysnessåto, skal Høyem sjølvsagt spele på Gjerstad seinare same dag.
Sivert Høyem treng ingen nærare presentasjon. Han var vokalist i det norske rockebandet Madrugada frå starten i 1995 til bandet blei oppløyst i 2008 og er kjent for sin djupe, klokkeklare røyst. Både før og etter at Madrugada ga seg har han hatt ein suksessfylt solokarriere. Mellom hans mest kjente låter er «Prisoner of the road», «Moon landing» og «Sleepwalking man».
