Boka «En mann ved navn Ove» av Fredrik Backmann skal leses fra perm til perm på ein dag.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Tysdag 7. februar kjem Riksteatret med sitt teaterstykke basert på den svenske suksessromanen «En mann ved navn Ove» av Fredrik Backmann.
– Vi ladar opp til teaterframsyninga ved å maratonlese heile romanen!
– Vi startar laurdag 4. februar kl. 10:00 og les oss gjennom heile boka, kapittel for kapittel. Alle som ynskjer kan vere med å lese! Her stillast ingen krav til verken lesedugleik eller hastigheit, dette er rett og slett formidling av leseglede, fortel Janne Mari Hjelle i Oseana i ein pressemelding..
– Opplesinga finn stad i Griegsamlingen, der vi riggar oss eit koseleg lesehjørne. Det er gratis inngang under heile opplesinga, og du er sjølvsagt varmt velkomen til å høyre på. Publikum kan sjølvsagt kome og gå som dei vil. Ta med deg strikketøyet eller fargeboka, spark av deg skoa under stolen og nyt å bli lesen for ein heil laurdag.
Vil du vere med å lese? Send oss ein epost til post@oseana.no og vi set deg opp med eit kapittel. Og kanskje vil du utfordre nokon andre til å vere med? Sjefen, kollegaen, vennegjengen, ein onkel eller ekspeditøren på Meny? Her er alle velkomne!
Vil du vere med å lese? Send ein epost til post@oseana.no og der set deg opp med eit kapittel.
NyttiOs.com anbefaler også filmen «En mann ved navn Ove», hvor svenske Rolf Lassgård gjør en strålende rolle som en gretten gammel gubbe. Klikk her for å se trailer på filmen som kom i 2015.
