Nils Georg Brekke har funnet fram teikneark og fargestiftar og skal bistå kapellanen.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Går vi nokre 10-år attende var den månadlege familiegudstenesta eit av høgdepunkta i Os-kyrkja. Bibelforteljing supplert med flotte teikningar som illustrerte forteljinga var ei oppleving og ofte ei konkretisering av bodskapen presten formidla.
– Sundag 12. desember vil vi gjenta dette flotte konseptet og Nils Georg Brekke har funne fram teikneark og fargestiftar og skal bistå kapellan Roar Evjedal når han skal formidle det som er søndagspreik i Os kyrkje.
Det er og utdeling av 4-årsbok på søndag, til dei som vart døypte på denne tida for 4 år sidan.
