Etter 1. juni kan publikum ta kontakt med alle skattekontor i landet uavhengig av hvor de bor.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Finansdepartmentet har i brev 4. oktober 2016 gitt Skattedirektoratet fullmakt til å gjennomføre ny kontorstruktur i Skatteetaten. Det inneber at talet på skattekontor blir endra frå 103 kontor i dag til 57 kontor.
Skattekontoret i Os stenger for publikum 1. juni 2017 og planen er at tilsette skal flytte til skattekontoret i Bergen 01.01.2018.
«Skatteetaten sine digitale og automatiserte tenester gjer at eit fåtal no oppsøkjer eit skattekontor for å levere skattemelding eller for å få hjelp med skattespørsmål. Skatteetaten har gode nettsider med informasjon og løysningar for sjølvbetening. Publikum kan finne meir informasjon på skatteetaten.no om etaten sine digitale tenester», skriv Skatteetaten i eit brev til Os kommune.
Dersom publikum har behov for å oppsøkje skattekontoret fysisk, kan dei ta kontakt med alle skattekontor i landet uavhengig av kvar dei bur. Frå september vil det også vere mogeleg for publikum å bestille time (for rettleiing/hjelp) ved skattekontora.
