Os Hagelag inviterer til hagebesøk. De starter på lørdag i en prakthage ved Hatvikvegen, der også fugl i hagen er tema.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Lørdag 22. april kl. 14 blir det hagebesøk med Os Hagelag. (Vi møtest ved Os bibliotek kl. 1345 så kan dei som treng skyss sitje på).
– Vi skal besøka fleire hagar. Vi vil gjerne visa at det å driva med hage er noko som har mange kvaliteter i seg. Vår visjon er: «Å fremja livskvalitet og hageglede», seier leiar i Os Hagelag, Jan Helge Gram Eggestøl.
Den første hagen Os Hagelag skal til er hagen til Åse Tveit i Hatvikvegen.
– For Åse har hagen vore til helsebot og avslapping. Det å sjå at det spirer og gror er inspirerande og gir glede.
Åse har heile livet vore oppteken av dyrevelferd. På det vesle småbruket ved Hatvikvegen har dei hatt både sauer og hestar.
– Det å leggja til rette for at dyra trivest og har det godt gir djup meining. Ho har vore aktiv med i « Dyrebeskyttelsen» og har mellom anna vore leiar i Bergen i 10 år.
Opp gjennom har fuglane i hagen vore viktig. Og som den dyrevennen ho er steller ho godt med dei.
For dei som er interessert i å legga til rette for at fuglane skal trivast i hagen, vil Åse gi mange tips på korleis ein kan gjera det. Til å fortelja har ho med seg ein kjent fuglekjennar frå Os, tidlegare politimann Ragnar Lyssand. Han har særleg vore oppteken av ugler og duer.
