Sykle til jobben aksjonen startet onsdag, og gjelder ikke bare sykling. Du kan fremdeles melde deg på.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Då NyttiOs møtte arealplanlegger og prosjektleder for Sykle til jobben, Arne-Richard Stadaas i februar, var han veldig ivrig på å få osingane ut, ikkje berre på sykkelen.
– Ut og gå, ut og sykla, ut og svøm, kva som helst av det du likar å gjæra. Berre velg å væra litt meir aktiv.
Som deltakar i aksjonen vil du i tillegg til dei openbare helseeffektane bidra til eit friskare nærmiljø om du vel bort bilen i dei høva du kan velgje. Ein annan gevist er at du kan vinne premiar frå det nasjonale og lokale premiefondet. Næringslivet i Os har bidrege med premiar til fleire titalls tusen kroner, og kvar fredag vert det trekt nye vinnarar av desse.
Reglane for premietevlinga er bygd opp på lik måte som for den nasjonale tevlinga, men det er ikkje lagt like stor vekt på aktivitetsnivå. Spesielt ikkje for dei to fyrste vekene, der det er tilstrekkeleg med hhv. kun 3 og 5 poeng for å delta i trekningane. For dei resterande sju vekene må ein ha registrert aktivitet for minst 15 poeng per veke for å delta i trekninga den aktuelle veka.
Den siste veka vil det òg verte trekt èin premie blant deltakarane på laget med høgast poengsum. Likeins vil det verte trekt èin premie blant dei deltakarane som har høgast poengsum, dersom fleire personar har lik poengsum når aksjonen formelt vert avslutta den 16.juni.
For påmelding, sjå nettsidene til aksjonen: www.sykletiljobben.no
