Os hagelag har dette året hatt som prosjekt å visa fram hagemangfaldet i Os.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Torsdag 11. mai klokka 18 inviterar Os hagelag til hagevandring i Hjørdis og Torolf Juvik sin hage på Moberg.
Dette er ein hage som er full av planter og som er blitt forma av eit hagepar.
– Torolf og Hjørdis Juvik har saman skapt ein hage som er heilstøypt, velforma og som står fram med ei samla form. Her er dei 200 ulike rododendron plantene og mange andre artar integrert og klypte til slik at dei glir inn i linjer og strukturar i hagen. Hagen gir ei stemning av ro og fred sjølv om den ligg sentralt i Os. Kanskje er det inspirasjon frå Japansk hagekunst som gir hagen denne stemninga?
Hagen er og ei minnebok over eit langt hageliv. Her er det mange ulike planter som har sine forteljingar.
– Å prate med ekteparet om hagen er like mykje ein samtale om botanisk innsikt, hagereiser, hagevener og ulike hageopplevingar. Hagen står fram som ein integrasjon av stor hagekunnskap og levd liv.
Os hagelag har dette året hatt som prosjekt å visa fram hagemangfaldet i Os.
– Den som vitjar denne hagen vil få ei oppleving av dei sjeldne. Dei vil og bli kjent med eit sjarmerande hagepar som har vore aktivt med i ulike lag og foreiningar som har med planter og hage å gjera. Ikkje minst har dei stilt opp for Os hagelag, Rododendronforeningen og Moldegaard park og hage for å nemna noko.
Hjørdis og Torolf Juvik bur i Midtskogvegen 30A på Moberg. Det beste er å parkere i sentrum og gå opp til hagen.
