Det pågår bygging av ny fylkesveg mellom aust og vest gjennom Endalausmarka. Dette er ein del av prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.

«Frå fredag 16. juni kl. 19.00 til mandag 19. juni kl. 06.00 blir fv. 161 Lyseklostervegen stengt for all trafikk forbi anleggsområdet. Det skal arbeidast med påkopling av nyanlegget til eksisterande fylkesveg i helga, med graving også på fv. 161. Den nye fylkesvegen vil berre vere open for anleggstrafikk i byggeperioden for E39 Svegatjørn–Rådal», melder Statens vegvesen..

Skal du til og frå Lysefjorden lokalt i helga, kan du kjøre Ole Bulls veg over Søvikåsen.