Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11323

Skal jobba eit halvt år i nordishavet

$
0
0

Anstein fekk det han sjølv kallar draumejobben. STOR BILDESERIE!


Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook

Stor BILDESERIE nederst i saka. Alle foto: Anstein Olav Felde Johansen

I slutten av juni drog Anstein Olav Felde Johansen (46) til øya Hopen som er ein del av Svalbard. Øya ligg i Barentshavet 185 km aust for sydspissen av Spitsbergen. Øya er 33 km lang, 2 km brei og er freda. Bortsett frå ein meteorologisk stasjon med ein besetning på fire, bur det ingen på øya.

Anstein Olav Felde Johansen er i sitt rette element på Hopen.

Anstein har budd om lag 5 år i Os, kjem frå det han sjølv kallar trivselsfylket Sogn og fjordane. Han er utdanna oppsynsmann, frå høgskulen i nord trøndelag(HINT).

– Er vel litt over middels interessert i naturen og alt som er i den, og har frå tidlege barnsbein av farta rundt i fjellet og naturen. Til og med 40 år før da blei populært å gå i fjellet, var sikkert berre litt førut mi tid med «toppturane». Ellers har eg i den seinare tid jobba som oppsynsmann både i Engerdal/ Femundsmarka og Jotunheimen. Trivst best med å jobbe i og med naturen, er litt betre for slike raringar som meg, seier Anstein til NyttiOs.com.

Hopen

Og no er han stasjonert på Hopen saman med tre andre karar og fem hundar. Kvifor ville du jobba på Hopen?

– Som sagt er eg interessert i naturen og Hopen har utruleg mykje natur. Det ligg avsides og verhardt til midt i Nordishavet/Barentshavet, så ein får verkeleg kjenne både på naturkreftene og stillheita som er på slike stader. Det har då vore hovedmotivasjonen for å søka ein slik stad.

– Noreg har og stolte fangst og ishavstradisjonar, så no får eg sjå litt korleis dei hadde det på fangststasjonane, det finnast 3 av dei her på Hopen. Har vore og kikka på desse stadane og blir meir og meir imponert over korleis dei klarte seg her oppe i ødemarka. Hyttene er enno her så ein kan gå og kikka litt på, litt gamalt utstyr er og å finna i og rundt hyttene. Det fortel så absolutt litt om svunne tider.

Stasjonen på Hopen kor dei fire pluss fem hundar jobbar og bor.

Og på Hopen jobbar Anstein med å samla inn viktige værdata.

– Eg jobbar som Meteorologifullmektig, d.v.s at eg sankar inn litt verdata og formidlar det vidare på data til Meteorologisk institutt, samt at eg les opp vermeldinga på radio to gonger i døgeret, kl 13,03 og 01,03. Meldingane er berekna på båtane ute i havet her. Stort sett fiskebåtar, reketrålarar og kvalfangarar som opererer her. Ellers blir det jobbing med det tekniske utstyret her, rensing av sensorar, sjekka at signal går som det skal til satellittar, sjå at teknisk utstyr virkar rett og slett.

Anstein på isbjørnvakt skuar utover havet frå Hopen.

Det jobbar kun 4 mann og 5 hundar på Hopen.

– Ein kokk, ein mekanikar/fagarbeidar, ein meteorologifullmektig, og så har me ein stasjonsleiar. Hundane arbeider som isbjørnvakter og turkompisar. Eg får hjelp av stasjonsleiar, og fagarbeidar til meteorologiarbeidet for det går døgnet rundt. Vi 3 har ei turnusordning slik at ting går skapleg for seg, så hjelper eg dei når det er ting som skal gjerast. Det går liksom opp i opp på eit vis. Kokken har nok den finaste jobben, ikkje skift arbeid i det heile. Lage 2 måltid med mat til 3 mann og seg sjølv samt nokre dagar fri innimellom, relativt roleg jobb vil eg seie. Ikkje det at eg skal seie eg har det so travelt i min jobb heller. Ein kan no seie ein bur på jobben og sparar mykje tid berre der. Pluss det er ikkje noko særleg anna enn data og tur ein kan bruke tid på. Vi har no eit trimrom og litt sånn, tv, dvd spiller osv. men alt innan for ein radius på nokre få meter. Så ein har god tid til å gjer det ein vil.

Korleis er ein vanleg dag?

– Ein vanleg dag varierar om ein har nattevakt, dagvakt eller fri. Dagvakta byrjar på jobb kl 0630 og går til kl 20. Er mykje pausar inne i dette, men ein har litt ymse arbeidsoppgåver som vedlikehald av utstyr og bygningar. Hundane skal matast, luftast og holdast i form dei er jo tross alt kollegar her oppe. Kvar tredje time heile døgnet skal veret observerast og skrivast ned og formidlast vidare. Dvs skyer, skyhøgde vind, temperatur på land og hav, lufttrykk ,nedbør o.s.v. Ein brukar jo litt tid på været kan ein seie. På natta er det verobservasjonar pluss, rydding, brannrunde, o.s.v.

Mykje drivis rundt Hopen på våren og fram til sommaren.

Det er ingen ferskvasskjelder på Hopen, så smeltevatn og regnvatn må samlast.

– På vinteren må ein hente snø til tining, det blir tina i store kar, på våren blir det brukt smeltevatn frå snøfonner som renn i små bekkar, då må me legge ut slangar o.s.v Det same på sommaren då renn regnvatn i små bekkar dette må fangast opp. Det pumpast over i forskjellige tankar og kar, og gjere at vi kan halde oss i virke med vatn utan sparing i ca ein månad. På hausten når bakken frys før snøen kjem, kan det vere dårleg med vatten, då kan ein måtte spare litt. Så det er no litt å putle med kvar dag, heile døgeret. Med klimaendringane har me altso fått litt betre tilgang på drikkevatn, sidan bakken frys seinare på hausten.

Korleis er ellers veret og temperaturane?

– Veret er vel sjeldan sommarleg kan ein seie, det varmaste som er målt her var i fjor då var det 12 grader ein time før det sank tilbake til 5. Er mykje tåke på sommaren her oppe, men vi har då mykje fine dagar og. Vil seie her er 40 prosent av dagane med tåke på sommaren ellers bra. Her er lite nedbør, men mykje dugg og yr. Snitttemperaturen på sommaren var før på + 2,6 grader no er den blitt mykje høgare enn det. Snitt temperaturen på eit år varierte på mellom -7 og -10 grader den er nok høgare og. Er blitt ein månad kortare vinter i kvar ende, eller sagt på ein annan måte, sommaren er blitt to månader lenger på 20år. I år kom isen på havet i februar. I eit normalår er den her i november. Den låg til midten av juli, ganske likt som før, då låg den i ein månad lenger i snitt. Den store skilnaden er vel at det kun var is rundt øya her og ikkje i resten av havet rundt.

Kvalrossen trivst og på Hopen.

Har du fått helsa på isbjørnen?

– Isbjørn har eg vel vore nærmare enn eg likar, så her har no vore nokre på vårparten og fram til isen drog nordover. Ellers er her jo litt spor etter dei både på bygningar og i terrenget. Frå gamalt av var Hopen eit av dei tre beste fangstområda på isbjørn, kunne ligge på om lag 100 bjørn i året. Var berre Halvmåneøya og Edgeøya som var betre. Midt på 90-tallet var her 36 isbjørnhi fordelt på 3,3 mil. Her var så mykje bjørn i periodar at BBC som skulle lage dokumentar om isbjørn måtte evakuerast. Det vart rett og slett farleg og uforsvarleg. Då kunne dei på nokre månader ha over 300 isbjørnobservasjonar, frå stasjonen her.

– Klimaforandringane har no ellers gjort sitt til at isbjørnen held til lenger nord og aust enn før. Tettheita på isbjørn på Hopen er då selvfølgeleg mykje lågare enn før, og no er her ikkje dokumentert hi på eit par år. Men ein veit ikkje kvar og når den dukkar opp, plutseleg står den no der. Den er aldri langt vekke. Edgeøya er kun 8 mil nord for Hopen og med tusenøyane imellom er det ein avstand dei kan symje. På Edgeøya og i området der er det utruleg tett med isbjørn, og nokre av dei tettaste isbjørnbestandane i verden er i områda der. Så flesteparten av isbjørnene på Svalbard finst nord og aust på Svalbard, og Hopen ligg liksom midt i trekkruta deira, og var altså tidlegare eit ektremt vikteg hiområde for isbjørnen. No er det litt vanskar med å komme seg til hiområdet for isen ligg ikkje på havet i november, det må den gjere for å få nå fram til Hopen.

Nokre blomar er og å finna på Hopen.

Blir det einsamt å jobba og bu på Hopen i månadsvis?

– Vi er då fire mann pluss hundane, så einsamt er det no ikkje. Og er er ein redd for einsemda er vel ikkje Hopen eller ishavet den fyrste staden ein søker jobb heller, vil eg tru? Og så kan ein kan jo vere sosial med dei andre ein jobbar med, eller skype o.l. Så einsemda har eg ikkje kjent på i negativ forstand, kun det positive at det er stille og roleg, spesielt når eg går tur. Det finnes rett og slett ikkje andre folk i nærleiken når eg går på tur, og det er beint fram fantastisk! Ellers er her no både internett og satellitttelefon, så ein kan då prate med folk om ein vil.

– Det som er spesielt på desse bemanna stasjonane i ishavet, Jan Mayen, Bjørnøya og Hopen, er vel at det ikkje kun er friluftsfolk eller folk som er vane med å vere ute og klare seg sjølv. No er det og folk på ishavet som ikkje går tur anna enn på tredemølla, som sit med hovudet i skjermen heile dagane og kveldane. Så ein treng ikkje vere spesielt interessert i det som finnast utanfor dørene. Tidene har no forandra seg inkludert folka som bur her i ishavet og. Vi er vel så dvaske at dei som budde her for hundre år sidan hadde ledd rått om dei såg oss. Ein kan lett tenke at alle på Svalbard likar og driv eit aktivt friluftsliv, det er nok ikkje heilt slik i verkelegheita. Finns folk som knappast har vore utanfor sentrum av Longyearbyen og som sikkert ikkje kjem til å gjere det heller. Er heller ikkje mykje sus over friluftslivet om ein kjører snøscooter eller motorisert båt heller. Det blir litt som å kjøre bil på fjellet å kalle det ein fjelltur. Blir liksom litt feil og enkelt.

De får ein del besøk på øya. Kva må dei gjennom?

– Her kjem i land om lag 30 personar i året. Ein kjem seg liksom ikkje hit heilt utan vidare kan ein seie. Vi ligg 30 mil aust om Longyearbyen, og ein må eller bør ha ein båt som tåler å vere på havet. Dei aller fleste som kjem i land jobbar for Sysselmannen, Polarinstituttet eller forsvaret. Dei kjem hit eller forbi i enkelte samanhengar. I år hadde vi ein seglbåt innom med to personar, dei kom i land for å få seg ein pause rett og slett, var litt dårleg vær. Elles er her ein vanskeleg skjærgard å forsere for å kome i land, og mykje av tida går sjøen så tung og full av straum at ein må liksom kunne vegen blant skjær, grunner og diverse stein. Hopen er og ein bunkringsstasjon for helikopter på redningsoppdrag i Barentshavet eller Nordishavet, her har dei eit relativt bra og nytt tankanlegg som vi og driftar. Er ikkje så mange helikopter innom heldigvis, men i tilfelle ei katastrofe er vi no på plass. No når det er så mykje mindre is i havet, er her meir båtar og fiskar, så då blir det ein slags ekstra tryggheit med eit fuel-anlegg til redningsoppdrag. Pluss at det er no litt cruiseskip som fartar rundt her på sommaren, og den auka trafikken gjer at antall redningsaksjonar også aukar.

Anstein driv og ein liten men populær suvenirbutikk på Hopen.

– Jau eg driv då velferdbutikken, det er litt sånn suvenirar og badediplomar og litt slikt til gjestane som kjem innom. Jepp badediplomar! Folk tykkjer det er stas å ta seg ein dukkert i havet her, litt for spesielt interesserte kan ein trygt seie. Me hadde – 0,5grader i havet om lag til midten av juli, no er her om lag + 5. Ellers selger vi litt sånn suvenirsaker som t-skjorter, caps, ulltrøyer, bøker, glas, koppar m.m Det går unna når det er folk her.

Heliporten på Hopen.

Og så veit eg at du har vore på tur med Sysselmannen på Svalbard. Kva gjorde de?

– Sysselmannen er no innom i ulike samanhengar så då passa det seg no slik at eg fekk bli med. Det er no vedlikehald av hytter kartlegging av diverse, dyr og plantar, sjå etter slitasje i terreng, om lover og reglar blir fulgt angåande ferdselsforbod og liknande. At ting er som det skal vere rundt på øyene og i terrenget her. Samt at dei tek med seg litt søppel i same slengen. For her er mykje plast og anna som driv rundt om på havet. Eigentleg heilt utruleg kva me finn og kor mykje. Vi har diverre ikkje tid til å plukke så mykje som me burde, er rett og slett sånne mengder med menneskeskapte plastsaker og skraml at det ikkje er mogleg å beskrive ein gong. Elles kjem Sysselmannen med båt og helikopter til helga igjen, då skal dei gå over og sjå på kulturminna her på øya pluss kartlegge litt ymse. Då blir det no litt bossplukking og kanskje? Kanskje eg blir med på tur då og? Selvfølgeleg om eg har tid, vi jobbar som sagt litt og, seier Anstein Olav Felde Johansen til NyttiOs.com.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11323

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)