Quantcast
Channel: Nyhet – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11323

Tre av fire utan brannøving i heimen

$
0
0

Branntryggleik i heimen er hovudtema når brannvesenet inviterer til open brannstasjon på Moberg laurdag 30. september.


Av: Jan Petter Svendal NyttiOs på Facebook

Medan berre ein av fire har hatt brannøving heime (26 %), seier fleire at dei i det minste har snakka om kva dei skal gjere i tilfelle brann (64 %), ifølgje undersøkinga som Kantar TNS nyleg har utført for Norsk brannvernforening, DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) og forsikringsselskapet If.

– Det uroar oss veldig at så mange ikkje har trena på kva ein skal gjere ved brann. Det er for seint å oppdage at teori og praksis ikkje stemmer overeins når kjøkenet eller stova står i full fyr. Eit lite branntilløp utviklar seg raskt til full overtenning, så her må alle handle riktig frå første stund, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If.

Få avtalar møtestad
Berre ti prosent av husstandar med to eller fleire personar har avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann, ifølgje spørjeundersøkinga. Dette skremmer brannvesenet:

– Ved brann blir det fort kaotisk, og det er lett å komme bort frå kvarandre. For oss i brannvesenet er det eit skrekkscenario at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som kanskje har kome seg ut andre vegar. Derfor er det å avtale ein fast møtestad utanfor bustaden noko av det enklaste og viktigaste ein kan gjere, seier Anne Kjersti Storebø, leiar førebyggande avd. i Os Brann og redningsvesen.

Nytt mobilspill gjør brannøvinga enklare
If har utvikla mobilspillet
Brannleken.no, som er eit enkelt verktøy for mobil og nettbrett, og som skal hjelpe barnefamiliar til å gjere brannøvinga til ein morosam familieaktivitet.

– Når så få faktisk gjennomfører øvingar heime, er det naturlig for oss å tenke i litt nye baner. Mobilspillet er med på å involvere barna, og gjere brann mindre skummelt for dei små. Her ligg det viktig læring for alle, understrekar Morten Thorsrud i If.

Opne brannstasjon
Laurdag inviterer brannvesenet i Os til open brannstasjon. Dette er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får opplæring i korleis ein kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleve.

– Open brannstasjon har blitt en fin tradisjon som gir oss eit unikt høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til eit interessert publikum. Vi gleder oss, og håper mange kjem på besøk, seier Storebø.

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If Skadeforsikring i samarbeid med brannvesenet.

I vårt distrikt er det Os Brannvesen og Legevakta som står for gjennomføringa av arrangementet.

– Her inviterer vi til open dag på beredskapssenteret på Moberg laurdag 30.september kl.11.00 til 14.00.

Barn kan ta med bamsen eller dokka si denne dagen då Legevakten har sjykestove for dei som treng tilsyn og pleie.

– Ambulansen er stasjonert i beredskapsbygget, har dei ledig kapasitet får vi nok sjå bil og personell.

Politetaten stiller dersom dei ikkje er oppteken med andre oppdrag.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 11323

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)