Terje Søviknes (Bjørnafjorden) vart samrøystes vald som fylkesordførarkandidat.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs.no på Facebook!
Vestland FrP gjennomført laurdag nominasjonsmøte til fylkestingsvalet 2019, og Terje Søviknes (Bjørnafjorden) vart samrøystes vald som fylkesordførarkandidat.
– Eg er klar! Sidan eg valde å gå av som olje- og energiminister i haust har eg hatt blikket stivt retta mot 9.september. Val for oss politikarar er som OL for idrettsutøvarar. Vi jobbar og jobbar i fireårsperioden, og så skal vi opp til eksamen på valdagen. I år skal vi være i toppform 9.september. FrPs klare ambisjon ved valet er å bli ein del av eit nytt ikkje-sosialistisk fleirtall i Vestland fylke, seier ein oppglødd Søviknes
– Vi skal ta heile Vestland fylke i bruk, og ei sentral sak for oss blir sjølvsagt samferdsle med veg, ferje, snøggbåt, fly og kollektiv. Fritt skuleval i heile Vestland FrP blir også ei viktig kampsak. Her ser vi at dei andre partia no drøftar modellar med mindre geografiske opptaksområde, som vil frata elever i vidaregåande skule valfridommen i det nye Vestland fylke.
– JA-haldning i arealsaker, og næringspolitikk er eit anna satsingsområde for FrP. Vestland fylke har store naturressursar, og vi som politikarar må leggja til rette for verdiskaping og arbeidsplassar i regionen. Ikkje minst gjeld dette mitt gamle fagområde olje, gass og fornybar energi, men også havbruk, fiske, landbruk og maritim næring, konkluderer Søviknes.
Sigbjørn Framnes (Stord) ble samrøystes vald til andrekandidat.
– Med lang erfaring frå kollektivbransjen ser eg frem til å jobba med kollektivtilbodet i heile Vestland fylke. Vi blir eit stort fylke, og vår jobb er at innbyggjarane kan reisa saumlaust anten det er jobb- eller fritidsreiser. Buss, ferje, snøggbåt og flytilbod må korrespondere slik at mobiliteten aukar. Det tener både næringslivet og folk flest på, seier Framnes.
FrPs liste til fylkestingsvalet ser etter nominasjonsmøtet slik ut;
- Terje Søviknes (Bjørnafjorden)
- Sigbjørn Framnes (Stord)
- Helge Stormoen (Bergen)
- Rosalind Fosse (Askøy)
- Frank Willy Djuvik (Kinn)
- Bjarte Vatnøy (Alver)
- Renate Møgster Kleppsvik (Austevoll)
- Gunnar Bakke (Bergen)
- Gustav Bahus (Bjørnafjorden)
- Hogne Bleie (Stad)
- Anita G. Johannessen (Øygarden)