Amfi Os deler ut Amfelia og Oskar-prisen til ein organisasjon som er med på å skape gode opplevingar for barn og unge.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Prisen blir delt ut laurdag 22. juni, og det er senteret sine kundar som bestemmer kven som skal vinne.
Gode fritidstilbod for barna gir dei ein aktiv og trygg kvardag, og det er mange eldsjeler som er i sving for å skape tilboda. Desse eldsjelene ønskjer Amfi å sette i sentrum når dei deler ut Amfelia og Oskar-prisen til nokon som gir barn og unge i lokalmiljøet gode fritidstilbod.
– Amfelia og Oskar er Amfi-kjedas maskotar, ein triveleg duo som ofte dukkar opp og skapar glede for barn og vaksne. Under Barnedagar på senteret 20.-22. juni, er Amfelia og Oskar sjølvsagte deltakarar, og det er naturleg at prisen har fått namn etter dei. Dette er andre gong prisen blir delt ut, seier senterleder Siri Ann Myhren Dalseide i ein pressemelding til NyttiOs.no.
Målet med prisen er å gjere stas på eit lag eller organisasjon som legg inn ein stor innsats for barna. Kandidatane kan vere tilbod som korps, idrett, fritidsklubb eller noko heilt anna; eldsjelene finst på alle arenaer!
I desse dagar samlar Amfi inn nominasjonar til prisen frå publikum, så her har alle høve til å foreslå sine beste kandidatar. Ein jury vil velje fem verdige kandidatar blant dei nominerte, før det blir opna for avstemming blant publikum. Nominasjon går føre seg gjennom senteret si Facebook-side. I avstemmingsperioden er det mogleg å stemme via Facebook og på stand på senteret.
– Vinnaren får heider og ære – og ein gåvesjekk. Prisen blir delt ut på senteret under Barnedagar-kampanjen laurdag 22. juni. Amfi ønskjer å gjere stas på dei som gjerne bryr seg mest om andre, og håpar på stort engasjement rundt Amfelia og Oskar-prisen.