Os Musikkforening har invitert med seg flere utenbygds musikanter til konsert i Oseana før de drar til NM neste helg.
I år, som i fjor, har Os Musikkforening invitert Fana Musikklag og Lungegaardens Musikkorps til Før-NM konsert i Oseana. I tillegg vil også Arna Musikforening frå Ytre Arna være med oss denne gongen.
NM for janitsjarkorps blir arrangert i Trondheim den 15. og 16. mars. Dei tre gjestekorpsa våre har alle delteke i NM dei siste åra, men for oss i Musikkforeningen er det no ein del år sidan sist. Generalprøven tar vi alle i Oseanasalen, og det blir korpsmusikk av ypparste klasse!
Arna Musikforening vart stifta i 1877 og er såleis eitt av dei eldste janitsjarkorpsa i landet! Med sine 34 medlemer og dirigent Thor-Arne Pedersen stiller dei opp i 6.divisjon. Dei skal spele to musikkstykke. Det første, «How great thou art» eller meir kjend som «O store Gud», er ein av våre mest folkekjære salmar. Så skal dei også spele «Clouds», som er komponert av Eric Swiggers. Vi får lytta til musikk som skal beskrive ulike typar skyer, frå dei florlette finvêrs- skyer til tunge regnvêrs-skyer der det også gjerne fylgjer med både torden og lyn.
Fana Musikklag, med omlag 40 musikantar og dirigent Bjarte Riseng, stiller opp i 4. divisjon. Stykket dei skal spele er «The Legend of Ali Baba» av Bert Appermont / Frank van Baelen. Det er ikkje ei framstilling av den opphavlege historia om Ali-Baba, som på finurleg vis overlista dei 40 røvarane, men ein kunstmusikalsk komposisjon. Vi får musikalske element frå orientalsk musikk-kultur og ein gjennomgripande arabisk atmosfære.
Lungegaardens Musikkorps spelar i 2.divisjon og blir dirigert av Eirik Gjerdevik. Korpset er stort, med nesten 60 medlemer, og dei spelar «Atlantic Odyssey» av Philip Sparke. Musikken teiknar eit bilete av ein seglskutetur som går ut i Atlanterhavet frå austkysten av Amerika og tilbake til land. Vi får ei kjensle av å vere på havet frå tidleg soloppgang til full seilas i fleire vêrtypar. Her blir det både fin bris og stiv kuling med høge bylgjer. Korpset lovar flott og varm klang, mykje av det dei likar å kalle JanitsjarSPA. Altså godlydar!
Os Musikkforening skal også delta i år, og det gler vi oss til. Vi har kvalifisert oss for 3. divisjon, og reiser til Trondheim med dirigenten vår, Rune Hannisdal. Stykket vi spelar er «Between the Two Rivers» av Philip Sparke. Det er sett saman av fire variasjonar over «Ein’ feste Burg», kanskje meir kjent som «Vår Gud han er så fast ei borg». Musikken er både vakker og melodiøs, sprudlande og majestetisk!
Velkommen til ein flott konsert i Oseanasalen, onsdag kl. 19.00!
Pris: Vaksne 150,-
Pensjonistar 100,-
Born gratis
Os Musikkforening
