I løpet av tre dagar skal heile Nore Neset skule på scenen i Idrettshallen i Nore Neset Aktivitetshus og visa kva dei har arbeidd med.
Tysdag 12 mars opnar ungdomssteget med ein kveld i musikkens teikn. Tradisjonelt har 10. klassane vist kva dei har arbeidd med til foreldra sine. Dette året inviterer me med alle som vil høyra og sjå. Me utvidar og med innslag frå dei andre klassane på ungdomssteget, slik at heile ungdomsskulen vil delta på senen.
Onsdag 13. mars er det mellomsteget med utgangspunkt i Edvard Munch som er på senen. Det er i år 150 år sidan Munch vart fødd, og det vil me markera. Elevane på mellomsteget har arbeidd på fleire måtar med temaet, og det vil i tillegg til seneinnslag verta ei utstilling av elevarbeid i gymnastikksalen på skulen.
Torsdag 14. mars er det småskulen sin tur. Dei har arbeidd med temaet vennskap. Skulen har i sitt arbeid nulltoleranse for mobbing, og den positive innfallsvinkelen til dette er å arbeid med vennskap. 4. klassane vil vise ein Musikal, og resten av elevane i småskulen vil synge songar om vennskap. Dei som har venner og trivest har det bra, og lærer best !
Alle kveldane vil elevar frå ungdomssteget selje kaker og kaffi / saft til intekt for skuleturen som elevane har ved slutten av 10. året.
Pogram for kulturdagane
Tysdag 12. mars kl 18.oo
Ungdomsskulen, ein kveld i musikkens teikn
Onsdag 13. mars kl 18.oo
Mellomsteget, ein kveld med Edvard Munch i tankane
Utstilling i gymnastikksalen på skulen frå kl 17.oo og etter framsyninga.
Torsdag 14. mars kl 18.oo:
Småskulen, ein kveld om vennskap.
1.-3. klassane syng og 4. klassane har Musikal
Alle kveldar sel elevar frå ungdomssteget kaffi/saft og kaker til inntekt til klassetur i 10. klasse.
Inngangspengar: kr 50,- pr vaksen ( born gratis)
Alle er hjarteleg velkomne alle dagar!!!!!
Helsing elevar og lærarar ved Nore Neset skule.
