
Frå 14. til 19. juli har seks nye personar i Bjørnafjorden kommune fått påvist smitte av Covid-19.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Det har vore relativt få smittetilfeller av Covid-19 i Bjørnafjorden i sommar.
14. juli fekk ei ung dame og ei jente i barneskulealder påvist smitte.
– Dei to er ikkje i relasjon til kvarandre. Vi meiner å ha kontroll på smittevegen i begge desse tilfella, seier fungerande kommuneoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen.
16. juli blei det påvist smitte hos tre nye personar. Ein mann, ei kvinne og ein gut. Alle i familie med jenta i barneskulealder.
– Alle nærkontaktar har blitt testa og vi har ikkje fått positive testresultat tilbake.
19. juli fekk ein mann påvist smitte av covid-19.
– Dette var ein mann i karantene og smittevegen er kjent.
– Vi har med andre ord kjent smitteveg på alle og det er difor inga grunn til uro. Eg meiner vi har god oversikt, avsluttar Johannesen.