
– Dersom trenden held fram, er det ein reell fare for at vi får ei ny smittebølgje ved skulestart.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Den siste veka har vi hatt åtte nye smittetilfelle i kommunen vår. Sjølv om personane er heilt eller delvis vaksinerte, har mange av dei blitt smitta på private festar. Det tyder både på at nokre har utvikla eit litt for avslappa forhold til smittevernreglane, og at dei i tillegg har Delta-varianten av viruset, som er svært smittsam, seier kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.
– Vaksinen beskyttar godt mot koronasmitte, og svært godt mot alvorleg sjukdomsforløp. Difor er det viktigaste tiltaket at så mange som mogleg tar vaksinen. Framleis er nesten 50 prosent i aldersgruppa 25-39 år og 25 prosent i aldersgruppene 18-24 år og 40-44 år uvaksinerte.
I Bjørnafjorden kan alle som fyller 18 år i år eller er eldre bestille time for vaksinasjon. Dersom du ikkje har tatt dose 1 enno, vil eg på det sterkaste oppmode deg til å gjere det no, seier kommuneoverlegen.
– Elles gjeld framleis dei same råda som før: Hald avstand, hald hendene reine, hald deg heime og ta test ved symptom. Munnbind har først nytte dersom du har symptom, seier Melf.
Usikker på kva som gjeld no?
Sjå oversikt over gjeldande nasjonale reglar og anbefalingar på helsenorge.no.
– Vi har ingen eigne lokale reglar eller anbefalingar i Bjørnafjorden kommune for tida.