
Ekstra vaksineleveranse gjør at det er mange ledige plassar både denne og neste veke.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Er du fødd i 2003 eller før? Bur eller oppheld du deg i Bjørnafjorden kommune? Då kan du få dose 1 av koronavaksinen allereie denne veka.
– På grunn av ekstra vaksineleveranse, har Bjørnafjorden kommune mange ledige plassar i Eikelandsosen onsdag 4. og på Os fredag 6. august.
Les også: Aukande smittetrend gir grunn til uro
Kommuneoverlegen melder at det òg er mange ledige plassar neste veke.
– Dette gjeld førebels berre for personar som skal ha første vaksinedose. Dersom du ventar på dose 2, skal du halde deg til datoen som er sett, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.
Bestill time for koronavaksinasjon HER!
Du kan òg bestille vaksinasjon ved å ringe vaksinetelefonen på 913 58 649.