
Bjørnafjorden kommune har vedtatt å framskunde andre vaksinedose for alle.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Først ut er tilsette i barnehagar, skular og SFO, og andre yrkesgrupper som har nærkontakt med elevar og barnehagebarn i Bjørnafjorden kommune. Deretter vil ein følgje den same aldersprioriteringa som for første dose.
– Ekstra vaksineleveransar gjer at vi endeleg har moglegheit til å framskunde andre dose – og ikkje minst å prioritere dei som jobbar med barn og unge i vår kommune. På denne måten ønskjer vi å gi både små og store ein god start på det nye skule- og barnehageåret – det treng og fortener dei verkeleg! seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.
Desse får tilbod om å ta 2. vaksinedose i Bjørnafjorden kommune fredag 13. eller onsdag 18. august:
- Tilsette som fekk 1. vaksinedose seinast 23. juli (det skal gå minimum tre veker mellom dosane)
- Tilsette i kommunale og private skular og barnehagar, og tilsette i vidaregåande skular i Bjørnafjorden kommune.
- Skule- og barnehagetilsette som jobbar i Bjørnafjorden, men bur i ein annan kommune.
Tilbodet gjeld ikkje skule- og barnehagetilsette som bur i Bjørnafjorden, men som jobbar i andre kommunar.
Leiarane på Oppvekst-området i kommunen sender ut melding med vidare informasjon til sine tilsette.
Alle andredosar blir framskunda
Bjørnafjorden kommune har vedtatt å framskunde alle andrevaksinedosar, slik at alle som ventar vil få tilbod om å ta andre dose tidlegare enn opphavleg fastsett.
– Vi startar med å gi andre dose til dei prioriterte yrkesgruppene. Deretter vil vi følgje dei prioriterte aldersgruppene på same måte som vi har gjort for første dose, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.
– Vi kontaktar alle med ny tid for andre dose. Du treng ikkje gjere noko, seier Nordvik Dale.